E-post:
Passord:
Glemt passord? Trykk her.
Søk i nyhetsarkiv:
Døra på gløtt for Konkurransetilsynet
[05.12.2011] Fra DOFFIN: KOFA skal i framtida vere eit rådgjevande lågterskeltilbod, medan domstolane skal ta seg av straffetiltaka mot dei som gjer ulovlege direktekjøp. Dersom dette fører med seg at handhevinga av slike alvorlege brot vert svakare, kan det vere at til dømes Konkurransetilsynet må på banen. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) vil då nemleg vurdere å greie ut om ein treng eit tilsynsorgan eller å gjere det mogeleg for til dømes Konkurransetilsynet å bringe saker om brot på reglane inn for domstolane. Det går fram av framlegget frå regjeringa til endringar i lovverket for å gjere handhevingsdirektivet til EU til ein del av norsk rett.